Shamir (hebraisk skrift ) er ein kibbutz i Øvre Galilea i Israel. Han ligg på vestsida av Golanhøgdene, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 608.
Historie Kibbutzen vart grunnlagd i 1944 av ei lita gruppe av hovudsakleg rumenske immigrantar. Den første generasjonen av nybyggjarar var medlemmar av den marxistiske sionistgruppa Hashomer Hatzair.
Etter den arabisk-israelske krigen 1948 vart den SN-oppretta grensa mellom Israel og Syria trekt berre nokre få hundre meter aust for kibbutzen.
Terroråtak mini|venstre|Minnesmerke for Edna, Shoshana og Judi. 13. juni 1974 gjekk fire terroristar"Armed Struggle and the Search for State", Y. Sayigh, p.341 over grensa frå Libanon til Israel og inn i Shamir. Dei gjekk inn i eit av husa og skaut Edna Mor (som var gravid) og Shoshana Galili. Edna etterlet seg barn og ektemann. Terroristane skaut tilfeldig rundt seg. Judi Sinton, ein frivillig frå New Zealand, vart skoten og drepen. Medlemmane i kibbutzen tok til våpen og klarte å drepe dei fire terroristane i ei skotutveksling.
Målet til terroristane var å ta israelske gislar i byte mot 100 fengsla terroristar.CBS evening news Jun 13, 1974 Vanderbilt Television News Archive
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Shamir, Israel» frå , den 30. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Kibbutzar Kategori:Kibbutz-rørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1944 Kategori:1944 i Palestina Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Rumensk diaspora i Israel