mini|Den fremre delen av auga. Det fremre augekammeret er vist til høgre. mini|Skjematisk framstilling av menneskeauga Det fremre augekammeret (av latin camera anterior bulbi oculi) er eit væskefylt rom inni auga som ligg mellom regnbogehinna og den inste endoteliale overflata av hornhinna. Kammeret er fylt av ei væske som blir kalla kammervatn. Hyfema og glaukom (grøn stær) er dei vanlegaste patologiane i dette området. Ved hyfema blir kammeret fylt av blod. Ved glaukom har det oppstått ei blokkering i Schlemms kanal slik at kammervatnet ikkje klarar å renne ut. Opphopinga av væske fører til auka intraokulært trykk og etter kvart blindskap. Djupna på kammeret plar å vere mellom 2,5 mm og 3,5 mm, og viss kammervinkelen er mindre enn 2,5 mm djup kan det føre til glaukom med lukka kammervinkel.

Eit særmerkt trekk ved det fremre augekammeret er at det har nedsett immunrespons mot allogene transplantat. Denne eigenskapen er kjent som anterior chamber associated immune deviation (ACAID), og blei introdusert i 1981 av Streilein m.fl.Joan Stein-Streilein, Ph.D. Research story. Vitja 10. februar 2015.

Patologi glaukom hyfema hypopyon auka intraokulært trykk okulær hypertensjon

Fleire bilete

Sjå òg fremre augesegment

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Anterior chamber of eyeball» frå , den 10. februar 2015.

Bakgrunnsstoff Bilete: Sagittalsnitt gjennom augeballen University of Michigan Medical School

Kategori:Auga