Frank Wörndl () er ein tysk tidlegare alpin skirennar frå Sonthofen i Bayern som tevla for Vest-Tyskland. Han vart verdsmeister i slalåm i 1987 og tok sølv i same greina under vinter-OL året etter.

Aktiv Gjennom dei fleste av 1980-åra høyrde slalåmspesialisten Wörndl til mellom dei såkalla fyrstepulje-køyrarane, dei 15 beste i ei av dei alpine greine. Likevel makta han aldri å kome mellom dei tre beste i noko verdscuprenn, korkje i slalåm eller storslalåm. Ein fjerdeplass i eit slalåmrenn i Åre i Sverige var han høgste plassering.

Derimot lukkast Wörndl overmåte godt i både VM i alpine greiner 1987 i sveitsiske Crans-Montana og under Vinter-OL 1988 i Calgary. I Crans-Montana vann han gullmedaljen i slalåm framfor austerrikaren Günther Mader og sin eigen landsmann, Armin Bittner. Året etter var han i Calgary-OL nær ved å vinne den olympiske gullmedaljen i slalåm, han mangla einast seks hundredels sekund på å utlikne tida til gullvinnaren, italienaren Alberto Tomba.

Wörndl la opp etter 1989-sesongen.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Vest-Tyskland Kategori:Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1988