Electric Light Orchestra (ELO) er eit britisk rockeband frå Birmingham i England, som gav ut elleve studioalbum mellom 1971 og 1986 og eit anna album i 2001. ELO vart danna etter Roy Wood og Jeff Lynne ønskte å skape moderne rock- og popsongar med overtonar frå klassisk musikk. Då Wood slutta i bandet etter debutalbumet, skreiv og arrangerte Lynne alle dei originale songane til gruppa, og produserte alle albuma.

Trass i suksess med tidlege singlar i Storbritannia, var band meir populært i USA, og vart omtalt som «Dei engelske fyrane med dei store felene». Dei fekk ein kult-tilhengjarskare trass i lunken kritikk i heimlandet. I midten av 1970-åra hadde dei vorte eit av dei mestseljande banda i verda på den tida. Frå 1972 til 1986 gav ELO ut 27 singlar som nådde topp 40 i både Storbritannia og USA, 20 singlar som nådde topp 20 i Storbritannia og 15 singlar som nådde topp 20 i USA. Bandet har òg rekorden for flest singlar på topp 40 på Billboard Hot 100 i USA, utan å nå toppen av lista med nokon av dei.Casey Kasem's American Top 40 from 15 March 1986

ELO selde over 50 millionar plater verda over dei 13 åra dei var aktive i studio og på turné.

Historie

1970–1973: Starten av bandet og dei første albuma Seint i 1960-åra fekk Roy Wood — gitarist, vokalist og låtskrivar i The Move — ein ide om å starte eit nytt band som skulle bruke fiolinar, celloar, kontrabassar og blåseinstrument for å gje musikken deira ein smak av klassisk musikk, og ta rocken i den retninga «The Beatles var på veg då dei slutta». Jeff Lynne, som var frontmann i Birmingham-gruppa The Idle Race, likte godt konseptet. I januar 1970, då Carl Wayne slutta i The Move, gjekk Lynne med på den andre invitasjonen til Wood om å starte eit band. Den 12. juli 1970, då Wood la på fleire celloar på ein song skriven av Lynne, som var meint som ei B-side for Move, vart det nye konseptet ein realitet og «10538 Overture» vart den første Electric Light Orchestra-songen. For å få finansiert det nystarta bandet, vart det spelt inn eit Move-album til, Message from the Country, under dei lange ELO-innspelingane. Debutalbumet, The Electric Light Orchestra kom ut i 1971. Det vart gjeve ut i USA i 1972 som No Answer. Dette namnet vart valt fordi ein sekretær i plateselskapet hadde prøvde å ringe det britiske selskapet for å få namnet på plata - men då ho ikkje fekk noko svar, hadde ho skrive «No Answer» (ingen svar) på ein lapp.Electric Light Orchestra's No Answer. snopes.com. Henta 9. januar 2015. «10538 Overture» vart ein hit i Storbritannia som nådde topp 10 på singellista. Lynne, Wood og Bev Bevan var dei første medlemmane i Electric Light Orchestra. Dei fekk med eg Bill Hunt (horn, klaverinstrument) og Steve Woolam (fiolin) på debutalbumet.

Den første konserten til ELO fann stad 16. april 1972 i The Greyhound Pub i Croydon i Surrey, med ei besetning som bestod av Wood, Lynne, Bevan, Hunt, Wilfred Gibson (fiolin), Hugh McDowell (cello), Mike Edwards (cello), Andy Craig (cello) og Richard Tandy (bass). Det braut raskt ut krangling mellom Wood og Lynn på grunn av problem med leiinga og ein ubehageleg turné i Italia, der strykeinstrumenta drukna i lyden av dei elektriske instrumenta.Nyare intervju med Roy Wood i Mojo Under innspelingane av det andre albumet til bandet slutta Wood i bandet og tok med seg cellisten McDowell og horn/klaverspelaren Hunt med seg for å danne Wizzard. Trass i at musikkpressa trudde at bandet ikkje ville kome til å klare seg utan Wood, som var drivkrafta bak ELO, tok Lynne steget fram og leia bandet med Bev Bevan att på trommer. Inn kom Gibson på fiolin, Richard Tandy på Moog synthesiser, piano og andre klaverinstrument i staden for Hunt, Mike de Albuquerque på bass og vokal, og Mike Edwards og Colin Walker på cello.

Den nye besetninga spelte i 1972 på Reading Festival. Barcus Berry sine nye mikrofonar gjorde at stryketrioen i bandet no kunne høyrast godt i lag med dei elektriske instrumenta. Bandet gav ut det andre albumet sitt, ELO 2 i 1973, som inneheldt den andre topp 10-singelen deira i Storbritannia, ein utførleg versjon av Chuck Berry-klassikaren «Roll Over Beethoven». ELO spelte òg for første gongen på American Bandstand. Under innspelinga av det tredje albumet, fekk Gibson sparken etter ein krangel om pengar, Mik Kaminski kom med som fiolinist, og Walker slutta sidan turnélivet heldt han for mykje borte frå familien. Den attverande cellisten Edwards tok seg då av cellopartia. Albumet, On the Third Day, kom ut seint i 1973. Den amerikanske versjonen av albumet inneheldt den populære singelen «Showdown». Hugh McDowell, som hadde slutta i bandet året før, kom attende for den amerikanske turneen for marknadsføringa av albumet.

1974–1982: Internasjonal suksess og konseptalbum For det fjerde albumet til bandet, Eldorado, A Symphony, eit konseptalbum om ein dagdraumar, stoppa Lynne med å legge på lag på lag med strykarar sjølv, og leigde i staden inn eit orkester og kor. Louis Clark lagde strykearrangementet.Eaton Music – Louis Clark. Web.archive.org (5 June 2008). Henta 9. januar 2015. Den første singelen frå albumet, «Can't Get It Out of My Head», vart den første hitten deira på topp 10 i USA, og Eldorado, A Symphony vart det første albumet til ELO som selde til gullalbum. Etter Eldorado kom ut, vart bassist og vokalist Kelly Groucutt og cellisten Melvyn Gale med i bandet, og erstatta høvesvis de Albuquerque (som i lag med Walker før han slutta sidan turneane til ELO heldt han borte frå familien) og Edwards. Besetninga vart no stabil og bandet valde å gå for ein meir tilgjengeleg stil. ELO hadde blitt ein suksess i USA på denne tida og gruppa vart store stjerner på stadion og arenaer, og spelte ofte på The Midnight Special (1973, 1975, 1976 & 1977), fleire gonger enn noko anna band. Face the Music kom ut i 1975, og gav hitsinglane «Evil Woman», den tredje singelen deira på topp 10 i Storbritannia, og «Strange Magic». Opningsinstrumentalen «Fire on High» nytta ei blanding av strykarar og akustiske gitarar, og vart nytta som bakgrunnsmusikk under klipp i CBS Sports Spectacular. Gruppa turnerte mykje frå 3. februar til 13. april 1976, og spelte 68 konsertar på 76 dagar i USA. Dette var første gongen gruppa nytta farga laserer i showa sine.

Det sjette albumet deira, A New World Record, vart det første albumet deira som nådde topp 10 i Storbritannia då det kom ut i 1976. Albumet selde til platina i USA.«ELO: UK Chart History". Official Charts Company. Henta 9 February 2015 Det inneheldt hitsinglane «Livin' Thing», «Telephone Line», «Rockaria!» og «Do Ya», ei nyinnspeling av ein song av The Move. Bandet turnerte berre i USA frå oktober 1976 til april 1977, med ein pause i desember. Dei spelte så på American Music Award den 31. januar 1977,ELO Livin Thing American Music Awards 31 Jan 1977 Full. YouTube (25 February 2011) i tillegg til ein enkelkonsert i San Diego i august 1977. Casey Kasem sa at The Electric Light Orchestra er «verdas første turnerande rock 'n' roll-kammergruppe» før han spelte «Livin' Thing» som nådde 28. plassen på singellista i USA.Casey Kasem's American Top 40 from 29 January 1977 A New World Record vart etterfølgd av dobbeltalbumet Out of the Blue i 1977. Out of the Blue inneheld singlane «Turn to Stone», «Sweet Talkin' Woman», «Mr. Blue Sky» og «Wild West Hero», som alle vart hittar i Storbritannia. Bandet la så ut på ein ni månadar lang turné som bestod av i alt 92 konsertar. Sceneshowet omfatta ein enorm scene forma som eit romskip med tåkemaskinar og laserer. I USA vart konsertane kalla The Big Night og var dei største dei hadde hatt til då. 80 000 menneske såg dei på Cleveland Stadium. The Big Night vart den mest inntektsinnbringande konsertturneen i historia til då (1978). Bandet spelte på Wembley Arena i London og heldt åtte utselde konsertar på rad, noko som òg var rekord på den tida. Den første av desse konsertane vart fanga på lydband og sendt på fjernsyn, og seinare gjeve ut på CD og DVD.

I 1979 kom Discovery ut og det nådde toppen av UK Album Chart. Sjølv om den største hitten på albumet (og den største hitten ELO totalt) var rockesongen «Don't Bring Me Down», var albumet sterkt påverka av disco. Discovery gav òg hittane «Shine a Little Love», «Last Train to London», «Confusion» og «The Diary of Horace Wimp». Ein annan song, «Midnight Blue», vart gjeven ut som singel i Søraust-Asia og vart særleg stor på Filippinane. Bandet laga musikkvideoar for alle songane på albumet.

venstre|mini|300px|ELO heldt konsert i Oslo i 1978.

Electric Light Orchestra enda 1979 som det mestseljande bandet i Storbritannia. ELO nådde toppen av karrieren med millionseljande album og singlar, og til og med ein parodi/hyllestsong på Randy Newman-albumet Born Again, kalla «The Story of a Rock and Roll Band». I 1979 avslo Jeff Lynne òg ein invitasjon om å la ELO spele på Knebworth Festival i august det året. Dermed vart det Led Zeppelin som spelte i staden. I 1980 vart Jeff Lynne beden om å lage filmmusikk til musikalfilmen Xanadu. Den andre halvdelen av musikken vart skriven av John Farrar og framført av stjerna i filmen, Olivia Newton-John. Filmen gjorde det dårleg, men filmmusikkalbumet selde særs bra og selde etter kvart til dobbel platinaplate i USA. Albumet inneheldt hitsinglar for både Newton-John («Magic» som nådde toppen av singellista i USA og «Suddenly» med Cliff Richard) og ELO («I'm Alive», som selde til gullplate, «All Over the World» og «Don't Walk Away»). Tittelsporet, framført av Newton-John og ELO, er den einaste ELO-songen som toppa singellista i Storbritannia.Guinness World Records: «British Hit Singlar 14th Edition", page 195. 0-85112-156-X Meir enn 25 år seinare, den 10. juli 2007, opna Broadway-musikalen Xanadu, som var basert på filmen ved Helen Hayes Theatre. Han vart nominert til fire Tony Award.

The Electric Light Orchestra Story ei skildring skriven av Bev Bevan frå dei tidlege daga hans og karrieren med The Move og ELO, vart publisert i 1980. I 1981 endra stilen til ELO seg igjen med science fiction-konseptalbumet Time, eit steg attende til meir progressive rockealbum som Eldorado. Utan strykarar tok synthesizerar ei meir dominerande rolle, slik trenden var i musikken på denne tida. Det vart likevel nytta strykarar på somme songar, dirigert av Rainer Pietsch, men det samla lydbiletet hadde ei langt meir elektronisk kjensle i tråd med det futuristiske konseptet på albumet. Time toppa den britiske albumlista i to veker og vart det siste ELO-albumet som selde til platina i Storbritannia. Singlar på albumet var «Hold on Tight», «Twilight», «The Way Life's Meant to Be», «Here Is the News» og «Ticket to the Moon». Bandet la ut på den siste verdsturneen sin for å marknadsføre albumet. Dette var den første ELO-turneen utan cellistar, men Mik Kaminski vart med for å spele den «blå fiolinen» sin. Besetninga bestod i tillegg av Louis Clark og Dave Morgan (gitar, synthesiserar, vokal) som spelte strykarar på synthesiserar, og «Fred the Robot» som hadde stemma på «Prologue» og «Epilogue».

1983–1986, 1989: Secret Messages, oppløysinga og ELO Part II