Ein eksklusjonsdiagnose eller «diagnose per exclusionem» er ein diagnose som vert nådd gjennom ein eliminasjonsprosess, og kan mellom anna brukast i tilfeller der sikker stadfesting ikkje kan gjerast med eksaminasjon eller testing. Slike eliminasjonar av ulike fornuftige moglegheitar er ein viktig komponent i differensialdiagnosar.

Den største kategorien av ekslusjonsdiagnosar finn ein blant psykiatriske lidingar, der fysisk eller organisk sjukdom må utelukkast før ein kan setje ein funksjonell diagnose. Eksklusjonsdiagnosar plar å førekome på områder der vitskapleg kunnskap er manglande, og særleg der objektive metodar for å stadfeste ein diagnose er fråverande. Når ein spesifikk diagnose ikkje kan stadfestast kan det vere nyttig å utelukke dei gruppene av kjente årsaker som kan føre til ein tilsvarande klinisk presentasjon.

Dømer Eit døme på slike diagnosar er «febrar av ukjende årsaker»: for å forklare den auka temperaturen må dei vanlegaste årsakene utelukkast, nemleg infeksjon, neoplasi og kollagen vaskulær sjukdom (bindevevssjukdom).

Andre dømer inkluderer: Polycytemi Behçets sjukdom Perifer facialisparese (Bells parese) Schizofreni Tolosa-Hunt syndrom Irritabel tarm-syndrom Ny dagleg vedvarande hovudverk (NDPH) Krybbedød Brennande munn-syndrom

Sjå òg idiopati

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Diagnosis of exclusion» frå , den 27. desember 2014.

Kategori:Medisinsk terminologi