Fritz Strobl () er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Steinfeld i Kärnten. Utforspesialisten Strobl vann OL-gull i utfor i 2002 og VM-sølv i super-G i 2007. I 2007 vann han også lag-gull med Austerrike.

Karriere Frå desember 1996 til november 2005 vann Strobl ni renn i verdscupen i alpine greiner; sju i utfor og to i super-G. Han var i 1997 eitt hundredels sekund for seint ute til å vinne ein bronsemedalje under utforrennet i alpin-VM i Sestriere. Året etter enda han på ellevteplassen i spesialgreina under Vinter-OL i Nagano, medan han i 2001 vart nummer seks i same øvinga i VM 2001.

Under OL 2002 i Salt Lake City vart Strobl olympisk meister i yndlingsgreina utfor, med norske Lasse Kjus på sølvplassen. Deretter vart Strobl nummer fire i super-G. I verdsmeisterskapen 2003 i St. Anton kom han i mål til tiandeplassen, før han to år seinare i verdsmeisterskapen i alpint i Bormio atter blanda seg i medaljekampen. Han vart då nummer fire. Alle desse plasseringane kom i utforrenn.

Etter å ha vorte nummer åtte i utfor under vinterleikane 2006, overraska Strobl med å vinne sølvmedaljen i super-G då VM i alpine greiner 2007 fann stad i Åre i Sverige. I same meisterskapen vart han verdsmeister med Austerrike sitt seksmannslag, som elles bestod av Renate Götschl, Michaela Kirchgasser, Benjamin Raich, Marlies Schild og Mario Matt.

Ved sesongslutt 2007 la han opp som aktiv alpinist.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Fritz Strobl» frå , den 28. desember 2014.

Bakgrunnsstoff

Fritz Strobl i olympedia.org

Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske meistrar for Austerrike Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2002 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2006