Othmar Schneider () var ein austerriksk alpin skirennar og seinare pistolskyttar frå Lech i Vorarlberg som vann ein gullmedalje og ein sølvmedalje i dei apine greinene under vinterleikane i Oslo i 1952.

Aktiv Alpinidrett Schneider tok sølvmedaljen i utforrennet på Norefjell under Vinter-OL 1952, slått av italienaren Zeno Colò med 1,2 sekund. Tre dagar seinare vart han olympisk meister då han vann slalåmrennet i Rødkleiva, 1,2 sekund framom Stein Eriksen og 1,7 sekund føre Guttorm Berge.

I VM i alpine greiner 1954 i Åre kom Schneider på delt fjerdeplass i storslalåm. Han deltok i slalåm under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo, der han enda som tolvtemann.

Skyting Etter nokre år som profesjonell skirennar byrja Schneider med konkurranseskyting med pistol. Perioden 1965-75 deltok han i fleire internasjonale meisterskap, høgdepunktet kom då han med Austerrike sitt lag i fripistol tok bronsemedalje under verdsmeisterskapen i Thun i Sveits.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Othmar Schneider» frå , den 28. desember 2014.

__NOTOC__

Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske meistrar for Austerrike Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1952 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1952 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1956