Mary Denise Rand, fødd Bignal (), var ein britisk-amerikansk friidrettsutøvar frå Wells i Somerset. Ho vart olympisk meister i lengdehopp i 1964 og vart dermed den fyrste britiske kvinna som vann OL-gull i friidrett.
Aktiv Rand deltok både i hekkeløp og lengdehopp under sommar-OL 1960 i Roma. Ho vart nummer ni i lengde, og kom på fjerdeplass på 80 meter hekk med tida 11,1 sekundar, eitt tidels sekund bak bronsevinnaren. I friidretts-EM 1962 i Beograd tok ho bronsen i lengde med eit hopp på 6,22 m.
Under dei olympiske leikane 1964 i Tokyo sprang Rand på det britiske stafettlaget som tok bronse på 4 x 100 m stafett. I femkampen plasserte ho seg mellom dei sovjetiske deltakarane Irina Press og Galina Bystrova og fekk sølvmedalje. Ho sette så verdsrekord med 6,76 m i lengdehopp og vart olympisk meister framom polske Irena Kirszenstein på sølvplass og Tatjana Sjtsjelkanova frå Sovjetunionen som fekk bronsen.
Rand vann lengdetevlinga under samveldeleikane 1966 i Kingston på Jamaica med 6,36 meter. Same sesongen vart ho nummer fire i femkamp i EM i friidrett 1966 i Budapest. Ho la opp i 1968.
Frå 1969 til 1992 var ho gift med den USA-amerikanske tikjemparen Bill Toomey.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mary Rand» frå , den 6. september 2014.
Worldf Athletics
Kategori:Britiske lengdehopparar Kategori:Britiske hekkeløparar Kategori:Britiske mangekjemparar Kategori:Olympiske meistrar for Storbritannia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964