La fête sauvage er eit filmmusikkalbum av den greske musikaren Vangelis (som Vangelis Papathanassiou på somme utgjevingar), for ein dyredokumentar av Frédéric Rossif frå 1975.
Oversyn Albumet vart spelt inn berre tre månader etter Heaven and Hell i 1975. Samanlikna med det meir elektroniske og ambiente L'Apocalypse des animaux og det meir melodiske og «klassiske» Vangelis-albumet Opéra sauvage er La Fête sauvage meir basert på verdsmusikk. Den første delen av albumet blandar elektronica, perkusjon, dyrelydar og stammesong. Den andre delen flyttar seg inn meir vanleg Vangelis-territorium med frodige, elektroniske lydlandskap og melodiar.
Songen og perkusjonen vart utført av gjestemusikarar som vart invitert til studioet til Vangelis.
Det vart gjeve ut ein singel frå albumet, «Thème d'amour», med B-sida «Générique». , (EMI/Pathe Marconi Frankrike).
Dokumentaren inneheld meir musikk en det som finst på albumet, noko som var vanleg for filmmusikkalbuma til Vangelis, men vokalen frå Vana Veroutis er ikkje nytta i dokumentaren.
Innhald
Medverkande Musikk komponert, arrangert og produsert av Vangelis Papathanassiou. Lydteknikar: Keith Spencer Allen Andre medverkande er: D. A. Adams King Potato Lofty Amao Idris Baba Ben Da Doo E. Lord Eric Lartey Ottoo Paul Jeffery Vana Veroutis (vokal)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «La Fête sauvage» frå , den 6. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Albumet på 'Vangelis Movements' Filmen på 'Vangelis Movements' Albumet på 'Vangelis Collector' Filmen på 'Vangelis Collector' 'Elsewhere' album releases 'Soundtrack Collector' 'ProgArchives'-melding - 'IMDB' om filmen -
Kategori:Filmmusikkalbum frå 1976 Kategori:Vangelis-album Kategori:EMI Records-album Kategori:Polydor Records-album