Sara Simeoni () er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar som tevla internasjonalt i høgdehopp. Ho vart europameister i øvinga i 1978 og olympisk meister i 1980. Simeoni gjorde sitt livs beste høgdehopp då ho vann EM-gullet på 2,01 meter.
Aktiv Simeoni fekk sitt gjennombrot då ho tok bronsemedaljen i EM 1974 i Roma. Under sommar-OL 1976 i Montreal fekk ho sølvmedaljen, Rosemarie Ackermann frå Aust-Tyskland tok gullet. I 1978-sesongen revansjerte ho seg på de austtyske utøvaren. Fyrst sette ho verdsrekord med 2,01 m i Brescia, og i friidretts-EM 1978 i Praha tok ho gullmedaljen då ho tangerte sin eigen verdsrekord.
Under dei olympiske leikane i Moskva i 1980 vann Simeoni gullmedaljen, der ho var åleine om å svinge seg over 1,97 m. To år seinare fekk ho ein bronsemedalje etter høgde-tevlinga i europameisterskapen i Aten, tyske Ulrike Meyfarth kopierte då Simeoni sin prestasjon frå førre EM ved å vinne EM-tittelen på ny verdsrekord, 2,02 meter.
Simeoni deltok i sitt tredje sommar-OL i Los Angeles i 1984. Her fekk ho sitt andre OL-sølv, atter vart Meyfarth vinnar av gulllmedaljen. I europameisterskapen 1986 lukkast ikkje Simeoni å kvalifisere seg til finalen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sara Simeoni» frå , den 6. september 2014.
World Athletics
Kategori:Italienske høgdehopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Italia Kategori:Olympiske meistrar for Italia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Italia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984