Vera Nikolić () var ein serbisk mellomdistansløpar som vart europameister for Jugoslavia på 800 m både i 1966 og 1971.
Aktiv Knapt 18 år gammal vann Nikolić 800 meter under EM i friidrett 1966 i Budapest på tida 2.02,8. Ho var då den yngste europameisteren i friidrett nokon gong, fyrst 20 år seinare vart denne prestasjonen kopiert av ein yngre utøvar. Den 20. juli 1968 sette Nikolić verdsrekord på 800 m i London då ho vart klokka inn på tida 2.00,5. Rekorden stod i tre år, til dess vesttyske Hildegard Falck vart den fyrste kvinna under to minuttar på 800 m.
I europameisterskapen 1969 i Aten fekk Nikolić bronsemedaljen, slått på målstreken av sølvvinnaren Anneliese Damm Olsen frå Danmark, medan Lillian Board frå Storbritannia vann ein klar siger. Derimot lukkast ho å ta eit nytt EM-gull under friidretts-EM 1971 i Helsingfors, i suveren majestet sprang ho i mål på tida 2.00,0. Seinare i 1971-sesongen vann ho både 800 m og 1500 m under Mellomhavsleikane i Izmir.
Under dei olympiske leikane i München i 1972 kom Nikolić på femteplass på 800 meter med tida 1.59,98.
Merknadar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vera Nikolić» frå , den 29. august 2014.
World Athletics
Kategori:Jugoslaviske friidrettsutøvarar Kategori:Serbiske friidrettsutøvarar Kategori:Europameistrar i friidrett Kategori:Jugoslaviske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Jugoslaviske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972