Glass Houses er det sjuande studioalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel, gjeve ut 10. mars 1980. Det inneheld den første songen til Joel som nådde førsteplassen på Billboard-lista i USA, «It's Still Rock and Roll to Me». Sjølve albumet nådde òg toppen av albumlista, der det låg i seks veker, og vart rangert på fjerdeplass for heile 1980 av Billboard. Albumet det 41. mestseljande albumet i 1980-åra med salstal i USA aleine på 7,1 millionar. I 1981 vann Joel Grammyprisen for beste mannlege rock med Glass Houses.
Bakgrunn Albumet var det tredje samarbeidet mellom Joel og produsenten Phil Ramone, etter The Stranger and 52nd Street.
Det opnar med glas som knuser og var eit meir rocka album enn dei tidlegare albuma til Joel. På omslaget ser ein Joel som er i ferd med å kaste ein stein inn i eit glashus.
Som musikkjournalistar, som Stephen Thomas Erlewine, meiner at albumet var Joel sitt svar på New Wave og punkrock. Joel nemner begge desse to sjangrane i teksten på songen «It's Still Rock & Roll To Me». Erlewine konluderer, «Albumet er nok ikkje punk -- det kan vere konseptet hans om punk -- men Glass Houses er uansett det næraste Joel nokon gong kom til eit reint rockealbum.»
Innhald
Medverkande Billy Joel – synthesizerar, munnspel, piano, trekkspel, vokal Dave Brown – akustisk gitar, elektrisk gitar Richie Cannata – orgel, fløyte, saksofon Liberty DeVitto – perkusjon, trommer Russell Javors – akustisk gitar, elektrisk gitar Doug Stegmeyer – bass
Produksjon Produsent: Phil Ramone Lydteknikar: Jim Boyer Assisterande lydteknikar: Bradshaw Leigh Mastering: Ted Jensen Fotografi Jim Houghton
Lister Liste (1980)PlasseringAustralian Kent Music Report Chart2Austerrike4Canadian RPM Albums ChartLibrary and Archives Canada. Henta 29. august 20141Nederland20Frankrike21Japan6New Zealand6Noreg2Spania 27Sverige6UK Albums Chart9U.S. Billboard 2001Vest-Tyskland24
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Glass Houses» frå , den 29. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Billy Joel-album Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:Album produserte av Phil Ramone Kategori:Columbia Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Mobile Fidelity Sound Lab-album Kategori:Nummer-ein-album i Canada Kategori:Nummer-ein-album i USA