«Sometimes a Fantasy» er ein song av Billy Joel frå albumet Glass Houses i 1980. Songen vart gjeven ut som den siste singelen frå albumet og nådde 36. plasse på den amerikanske Billboard Hot 100.

Songen startar med at Joel slår eit nummer på ein telefon (som ein kan sjå på singelomslaget). Telefonnummeret som vert ringt er 516-673-1112. Teksten handlar om ein seksuelt frustrert mann som prøver å overtyde kjærasten om ha telefonsex. Han forklarer at han er einsam sidan dei er langt borte frå kvarandre.

Musikkvideo Videoen starta med Joel i senga og ringer nummeret til kvinna. Ho plukkar så opp telefonrøyret og musikken starta. Gjennom telefonen syng Joel teksten til ho. Mot slutten av videoen viser det seg at det heile var ein fantasi og at ingen svarte på telefonen.

Anna

Singelversjonen er 39 sekundar lengre enn albumversjonen. Albumversjonen tonar ut tidlegare enn singelversjonen. Singelversjonen er aldri gjeven ut andre stader.

Medverkande Billy Joel: vokal, piano and synthesizerar Dave Brown: elektrisk gitar Richie Cannata: orgel Liberty DiVitto: trommer and perkusjon Russell Javors: elektrisk gitar Doug Stegmeyer: bassgitar

Lister ListerPlasseringCanada21U.S. Billboard Hot 10036

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sometimes a Fantasy» frå , den 29. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Billy Joel-songar Kategori:New Wave-songar Kategori:Songar om telefonsamtalar Kategori:Songar produserte av Phil Ramone