MF «Samband» var ei bilferje levert frå Haugesund Slip i Haugesund den 12. juli 1967 til Skips-A/S Samband i Haugesund, men alt i juni 1968 vart ho overteken av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).
Ferja gjekk inn i ruta Langevåg-Buavåg-Mosterhamn-Valevåg, der ho gjekk fram til 1997.
I november 1997 vart ferja seld til Samba AS på Lepsøy i Os kommune og i mars 1998 fekk ho namnet «Samba». Fartøyet er framleis i drift.
I juni 2005 gjekk ho gjennom ei større ombygging. Overbygget vart fjerna og styrhuset vart sett på styrbord side. Sidan 2006 har ho fungert som transportskip. Vinteren 2010/2011 fekk ho nytt styrhus, ny kran og ny motor, ein Caterpillar dieselmotor. Den gamle Wichmann-motoren vart overteken av Hardanger Fartøyvernsenter for den gamle ferja MF «Folgefonn».
Ferjeruter 1967-1997: Langevåg-Buavåg-Mosterhamn-Valevåg
Kjelder Skipet.no Samband på Fjordfähren (tysk)
Bakgrunnsstoff Samband på marinetraffic.com
Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Rogaland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1967 Kategori:Skip bygde ved Haugesunds Slip Kategori:1967 i Noreg