1582 (romartal MDLXXXII) var eit normalår som byrja på ein måndag i den julianske kalenderen. I den gregorianske kalenderen, som blei innført dette året, følgde slutten av året mønsteret for normalår som byrjar på ein fredag.

Hendingar

Utlandet mini|Framstilling av Matteo Ricci i Kina.

15. januar: Russland overlet Estland og Livland til Polen. 24. februar: Pave Gregor XIII innførte den gregorianske kalenderen. Italia, Polen, Portugal og Spania innførte kalenderen ved å hoppa direkte frå 4. oktober til 10. oktober. 4. april: Francis Drake fullførte ei jordomsegling og blei seinare slått til ridder av Elisabeth I.

Jesuitten Matteo Ricci blei sloppen inn i Kina. Akbar den store tok Kabul frå den opprørake bror sin, Hakim Mirza. Han utnemnd systera Bakht-un-Nissa Begum til guvernør i staden.

Noreg 19. juni: Ei forordning innført av Frederik II av Danmark slo mellom anna fast at den einaste gyldige form for ekteskap var vigsel i kyrkja.

Fødde 26. januar: Giovanni Lanfranco, italiensk målar 17. oktober: Johann Gerhard, tysk luthersk teolog Dronning Nzinga av Angola Elizabeth Jane Weston, engelsk diktar (eller 1581)

Døde

5. mai: Charlotte de Bourbon-Montpensier, fyrstinne av Oranien 21. juni: Oda Nobunaga, japansk krigsherre 4. oktober: Teresa av Ávila, spansk nonne, mystikar og helgen