1579 (romartal MDLXXIX) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den julianske kalenderen.
mini|Sju nederlandske provinsar gjekk saman gjennom Utrecht-avtalen. Hendingar
Utlandet 25. januar: Dei sju nordlege provinsane i Nederlanda oppretta ein forsvarsunion i Utrecht. Dette var i røynda ei lausriving frå Spania, og kong Filip II svarte med å setja ein pris på hovud til Vilhelm I av Oranje. 17. juni: Den engelske verdsomsiglaren Francis Drake gjekk i land i California og kravde det i namnet til dronning Elizabeth. Saman med kravet på Newfoundland gav dette grunnlaget for at England ville krevja alt land i Nord-Amerika, frå «hav til hav» – Stillehavet til Atlanteren.
Noreg
Fødde 1. august: Luís Vélez de Guevara, spansk forfattar 11. november: Frans Snyders, flamsk målar
Døde
12. februar: Laurentius Petri Gothus, svensk erkebiskop og salmediktar. Mehmed Sokollu, storvesir for Süleyman den store og Selim II av osmanarriket