Yamatobreen er ein isbre som er kring 10 km brei, og som flyt vestover mellom Mount Fukushima og Mont Eyskens i Dronning Fabiolafjella i Antarktis.

Breen vart oppdaga av Belgica-ekspedisjonen under Guido Derom, 7. oktober 1960, og kalla opp etter det gamle namnet på Japan. Yamato er symbolet for politisk samhald og nasjonalkjensle for japanarar. I november-desember 1960 nådde eit japansk feltlag fram til området og gjorde geodetisk og anna vitskapleg arbeid der.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Dronning Maud Land Kategori:Prins Harald Kyst