Cumbiebreen er ein kort, bratt isbre like aust for Scott Nunataks, som flyt nord og ut i Swinburneisen langs sørvestsida av Sulzberger Bay. Han vart kartlagt av US Geological Survey frå landmålingar og frå flyfoto tekne av U.S. Navy i 1959–66, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter William A. Cumbie jr. i U.S. Navy. Cumbie var flyelektrikar og sambandsmann for eit skiutstyrt R4D-fly som flaug kontreadmiral George Dufek og vart den første til å lande på den geografiske Sørpolen, 31. oktober 1956.

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Cumbie Glacier» frå , den 14. januar 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Isbrear i King Edward VII Land