Ål kyrkje er ei langkyrkje frå 1880 i Ål kommune i Buskerud fylke. Kyrkja vart oppført av Andreas Keitel etter teikningane for Nedstrand kyrkje.
Kyrkja vart ombygd i 1959 etter planar av arkitekt Frederik Konow Lund. Då vart det nygotiske interiøret i kyrkja totalt endra, og inventaret frå byrjinga av 1700-talet vart teke i bruk att. Koret fekk ein kopi av taket frå stavkyrkja«Norges kirker». Kunsthistorie.com har ei rekkje bilder av originaltaket., som hadde stått i nærleiken og vorte rive i 1880, altså same året som Ål kyrkje vart teke i bruk.
Gravkapellet vart teikna av Ole Stein og innvigd i 1947. I 1973 vart det gjort om til kyrkjestove.«Norges kirker», jf. Kyrkjeblad for Ål nr. 1/2013, s. 5.
Ål kyrkje er prostikyrkje i Hallingdal prosti.
Litteratur
Bakgrunnsstoff Sigrid Marie og Håkon Christie: Ål kirke i «Norges kirker» Terra Buskerud Ål kyrkjelege fellesråd
Al.no
Denne artikkelen bygger på «Ål kyrkje i Ål» frå , den 30. desember 2013.
Fotnotar
Kategori:Kyrkjer i Ål Kategori:Kulturminne i Ål Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:Langkyrkjer i Tunsberg bispedømme Kategori:Kyrkjer i Hallingdal prosti Kategori:1880 i Noreg