Geilo kyrkje er ei langkyrkje i Hol kommune i Buskerud fylke.

Kyrkjegarden vart teken i bruk i 1886, og arkitekt Jacob Wilhelm Nordan la fram teikningar same år. Kyrkja vart innvigd som Ustedalen kapell 4. juni 1890 og fekk endra namn til Geilo kyrkje 1. januar 1988. I 1958–60 vart kyrkja utvida vestover med eit større våpenhus, og interiørfargane vart endra ved same høve.

I 1975 opna ny kyrkjegard ved Bruhaugen, og i 2010 tok Geilo kulturkyrkje over som soknekyrkje. Geilo kyrkje vert likevel bevart og nytta til enkelte seremoniar og høgtider.

Bilete frå kyrkja

Bakgrunnsstoff

Sigrid Marie og Håkon Christie: Ustedalen kapell i «Norges kirker» Hol kyrkjelege fellesråd

Kategori:Kyrkjer i Hol Kategori:Kulturminne i Hol Kategori:Norske kyrkjer frå 1890 Kategori:Langkyrkjer i Tunsberg bispedømme Kategori:Kyrkjer i Hallingdal prosti Kategori:Jacob Wilhelm Nordan