Tor André Johnsen () er ein norsk politikar for Frp frå Ringsaker som har representert Hedmark på Stortinget sidan 2013. Dei tre førre stortingsperiodane før han vart vald inn var han ein av vararepresentantane til tinget.Biografi på Stortinget.no
Johnsen sat i Hedmark fylkesting frå 1999 til 2013 og var gruppeleiar frå 2011. Han har sete i kommunestyret i både Ringsaker, Hamar og Stange.Ringsaker Blad, 14.11.12: Tor Andre Johnsen rykker mot Stortinget
Han var medlem i Arbeids- og sosialkomitéen frå 2013 til 2015.
Johnsen ser på seg som plaga av el-overfølsemd og han er medlem i Foreningen for el-overfølsomme.
Johnsen vart i 2015 tilrådd av Politiets tryggingsteneste til å kutta kontakten med russiske diplomatar som PST såg på som russiske etterretningsagentar. Johnsen uttalte at han ikkje hadde til hensikt å følgja oppmodinga frå PST.
Etter stortingsvalet i 2017 fekk Johnsen refs av dåverande statsminister Erna Solberg for å ha delt ein artikkel frå den innvandringsfiendtlege nettstaden 24avisen.com, der ein 17-årig mørkhuda AUF-er vart hetsa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tor André Johnsen» frå , den 28. oktober 2013.
Fotnotar
Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Folk frå Ringsaker