«Nite Flights» er ein song skriven av den amerikanske musikaren Scott Walker under namnet Scott Engel. Songen vart først spelt inn og gjeven ut av popgruppa til Walker, The Walker Brothers, som tittelsporet på det siste albumet deira frå 1978, Nite Flights.

Medverkande

John Walker og Scott Walker - vokal Dave MacRae - klaverinstrument Frank Gibson - trommer Mo Foster og Scott Walker - bass The Walker Brothers - arrangement Dave MacRae - orkestrering og dirigent Scott Walker og Dave MacRae - produsent Dennis Weinreich - innspeling Scott Walker, Dave MacRae og Dennis Weinreich - miksing

David Bowie «Nite Flights» vart spelt inn av den engelske musikaren David Bowie i 1993 for albumet hans Black Tie White Noise. I lag med andre songar på Black Tie White Noise, nytta denne versjonen tunge elektroniske lydar, inkludert elektroniske trommer og mange synthesizerar. Ein remixa versjon kalla «Moodswings Back to Basics Remix» vart gjeven ut på bonusplata som følgde 10-årsjubileumsutgåva til dette albumet.

Bowie sa at han vart introdusert for Scott Walker då han var kjæraste med ein av eks-kjærestane til Walker. Visstnok likte ho musikken til Walker meir enn Bowie sin og spelte Walker-albuma konstant.Scott Walker: 30 Century Man

The Fatima Mansions

«Nite Flights» vart spelt inn av kunstrockgruppa The Fatima Mansions i 1994 for albumet deira Lost in the Former West. Denne vart òg gjeven ut som singel same året og inneheld ein remix av songen av The Blood Of The Lamb kalla «It's So Cold.... I Think».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nite Flights (song)» frå , den 28. oktober 2013. oppgav desse kjeldene: Black Tie White Noise Limited Edition DVD, 2004 The Trouser Press http://www.trouserpress.com/entry.php?a=fatima_mansions

Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Singlar frå 1994 Kategori:The Walker Brothers-songar Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av Scott Walker