Monte Argentera er eit 3 297 meter over havet høgt fjell i dei italienske Kystalpane, med høgste fjelltoppen i den delen av Alpane. Fjelltoppen er den høgste på ein lang fjellrygg med toppar på grensa mellom kommunane Entracque og Valdieri i provinsen Cuneo.

Geologisk består fjellmassivet av gneis, med innslag av granitt.

Den kjende, USA-amerikanske fjellklatraren W.A.B. Coolidge var den fyrste på toppen den 18. august 1879, i fylgje med dei sveitsiske fjellførarane Christian Almer og Ulrich Almer, far og son.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Monte Argentera» frå , den 5. oktober 2013.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia