Chathamparakitt (Cyanoramphus forbesi) er ein papegøyefugl i parakittfamilien Psittaculidae.

Chathamparakittar eig habitat i krattskog på hovudøya og Pitt Island på Chathamøyane, utanfor austkysten av New Zealand. På grunn av jakt, innføring av huskattar og habitatøydelegging, blei populasjonen redusert til 100 individ på den minste av Mangereøyane i 1938, men på grunn av skogplanting på Mangere Island har bestanden vakse til hundrevis. Men arten er framleis avgrensa til dei to øyane i Mangere Islands.

Chathamparakittar et hovudsakleg virvellause dyr, men dei er òg kjente for å ete blomar, frø og blad.

Arten har status som sterkt truga, storleiken på populasjonen er talfesta til 800 til 1000 individ totalt, og er rekna som stabil.BirdLife International 2012

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chatham Islands Parakeet» frå , den 6. oktober 2013.

BirdLife International (2013) Species factsheet: Cyanoramphus forbesi . Henta frå http://www.birdlife.org den 6. oktober 2013. Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Parakittar Kategori:Fuglar endemiske for New Zealand