Allan Ramsay () var ein skotsk portrettmålar. Han var eldste sonen til diktaren Allan Ramsay, ein kjend poet i samtida.
Liv og gjerning Ramsay var fødd i Edinburgh, og gjekk i lære hos den svenske målaren Hans Huyssing i London. Deretter arbeidde han tre år i Roma. Etter han kom heim, arbeidde han i fyrste omgang i Edinburgh. I 1757 måla han eit portrett av den dåverande prinsen av Wales, den seinare kongen Georg III. Dermed vart han ein kjend målar for den store krinsen av adelsfamiliar, og han måla på oppdrag ei rad portrett. I 1762 slo han seg ned i London. Fem år seinare vart han utnemnd til hoffmålar av kong Georg III.
mini|venstre|Frue i ein rosa silkekjole, ca 1762
Gjennom sitt arbeid som hoffmålar var Ramsay mykje etterspurd. Dette sikra han regelmessige innkomer, men gjorde at han fekk lita tid til å lage andre verk enn portrett. Også stilmessig utvikla han seg lite. For å kunne etterkome den store etterspurnaden tok han i bruk assistentar når han laga måleria sine.
Ramsay slutta måle etter han i 1773 skadde høgrearmen i ei ulukke. Han døydde i Dover.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Allan Ramsay (Maler)» frå , den 28. september 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Britiske målarar Kategori:Skotske målarar Kategori:Folk frå Edinburgh Kategori:Portrettmålarar Kategori:Målarar frå 1700-talet