John Singleton Copley () var ein USA-amerikansk og engelsk målar, fødd i Boston i Massachusetts. Han er særleg kjend for sine portrett av personar i det koloniale New England, framfor alt av menn og kvinner av middelklassen.
Liv og gjerning mini|venstre|Watson og haien, 1778 mini|Gut med flygande ekorn, 1765
Copley var son til ein immigrant frå Irland. Foreldra eigde eit tobakksfirma i Boston. Etter faren var død, gifta mor hans seg i 1748 med Peter Pelham, ein gravør og lærar. Ho og sonen flytta då til eit rolegare og meir respektabelt område av Boston. Copley var 13 år gammal då også stykfaren døydde.
Copley var gift med dotter til ein av dei rikaste forretningsmennene i Boston. I 1774 flytta familien til England. Copley reiste ganske snart vidare til Paris, Genova og Roma, før han vende tilbake til London etter ein ni månader lang rundtur. I den britiske hovudstaden byrja han å spesialisere seg på bilete som skildra historiske hendingar, og fekk medlemskap i den sentrale kunstforeininga Royal Academy of Arts.
Både under den nord-amerikanske og den engelske perioden viste Copley sine evner som målar. Portretta hans var på sett og vis nyskapande, dei søkte å framstille personane med eigenskapar eller trekk som var karakteristiske for liva deira.
Han døydde i 1815 i London. Sonen hans, John Copley, var i si tid britisk lordkanslar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «John Singleton Copley» frå , den 29. september 2013.
Kategori:USA-amerikanske målarar Kategori:Britiske målarar Kategori:Historiemålarar Kategori:Målarar frå 1700-talet Kategori:Målarar frå 1800-talet