Klevald (Klævold) skipreide var ei av atten skipreider i Sogn,Arkivverket med namn etter grenda Klevald som var tingstad.

Geografisk femna ho om Kyrkjebø sokn (før 1826 unnateke Måren og Ortnevik) og austlegaste kanten av Lavik sokn (Mjellelia, Nordrevik og Sørevik), i noverande Høyanger kommune.

På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. Måren og Ortnevik vart 1826 overførte frå Kvamsøy skipreide til Klevald skipreide som vart nemnd Klevald tinglag. 1870 vart Lavik-gardane overflytta til Lavik tinglag, slik at Klevald tinglag vart identisk med Klevald kommune og Kyrkjebø sokn. 1890 vart Kyrkjebø namn på kommunen og tinglaget òg.Arkivverket

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Kart over Sogn og Fjordane med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)

Kategori:Høyanger kommune Kategori:Skipreider