Askvoll skipreide var ei av fem skipreider i SunnfjordArkivverket i noverande Vestland fylke.

Geografisk område etter gammal inndeling: Askvoll sokn del av Vilnes sokn (området nord for Buefjorden) del av Øn sokn (området nord for Åfjorden) del av Hyllestad sokn (området aust for Lifjellhalvøya, nord for Kleivevatnet/Aksavatnet, og aust for Systaddalen)

Geografisk område etter noverande inndeling: del av Askvoll kommune (området vest for Osane/Hellset/Helle) del av Fjaler kommune (området vest for Sagelva) del av Hyllestad kommune (området nord for Åfjorden/Hyllestadfjorden/Kleivevatnet/Aksavatnet/Dalsvatnet

På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1873 vart Hyllestad kommune (Hyllestad, Øn og Bø sokner) utskilde som eige tinglag,Arkivverket etter å ha vore delt mellom Askvoll og Lavik tinglag, og 1888 vart dei delar Vilnes sokn som låg sør for Buefjorden overflytta til Solund sokn.Dis-Norge Deretter hadde Askvoll tinglag og Askvoll kommune dei same grensene.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Kart over Sogn og Fjordane med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)

Kategori:Askvoll kommune Kategori:Fjaler kommune Kategori:Hyllestad kommune Kategori:Skipreider