Kolbotn kyrkje er ei langkyrkje i Nordre Follo kommune i Akershus fylke.

Denne mellomalderinspirerte steinkyrkja liknar ein del på Strømmen kyrkje og Ljan kyrkje, som er teikna av same arkitekt.

I staden for altartavle er det glasmåleri i tre av korvindauga (Rolf Klemetsrud, 1932). I kortaket er ei heilaganddue i glasmosaikk laga av Ellen Hernæs i 1957. Kyrkja har (som Strømmen kyrkje) ein altarforma døypefont.

Bakgrunnsstoff Sigrid og Håkon Christie: Kolbotn kapell i «Norges kirker» Oppegård kyrkjelege fellesråd Kyrkjesøk om kyrkja Lokalhistoriewiki om kyrkja Oppegårdsleksikonet

Kategori:Kyrkjer i Nordre Follo Kategori:Kulturminne i Nordre Follo Kategori:Norske kyrkjer frå 1932 Kategori:Kyrkjer i Nordre Follo prosti Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme