Frogn gamle kyrkje var ei langkyrkje i Frogn kommune, i Viken fylke.
mini|venstre|Orgelgalleriet i gamlekyrkja
Kyrkja vart oppført av byggmeister Andreas Keitel etter teikningar av Wilhelm von Hanno og vigsla i 1859. Det meste av kyrkja var lafta, men vesttårnet var i bindingsverk.
I byrjinga hadde kyrkja ein enkel trekross på altaret, men i 1884 fekk ho ei altartavle med eit bilete måla av Carl Buhre i kopi etter «Christus Consolator» av Carl Bloch.
Denne kyrkja var påtent og brann ned til grunnen 4. juni 1994. Sidan er ei ny kyrkje oppført på grunnmurane etter den nedbrende kyrkja. Døypefonten er reparert etter brannen og teken i bruk i den nye kyrkja.
Bakgrunnsstoff Sigrid og Håkon Christie: Frogn kirke i «Norges kirker»
Kategori:Kyrkjer i Frogn Kategori:Kulturminne i Frogn Kategori:Norske kyrkjer frå 1850-åra Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg