Den russisk-tyrkiske krigen 1735–1739 var ein krig mellom Russland og Det osmanske riket, som følgje av Det osmanske riket sin krig med Persia og stadige raid av krimtatarane.David R. Stone, A Military History of Russia: From Ivan the Terrible to the War in Chechnya, (Greenwood Publishing Group, 2006), 64. Krigen omhandla òg kampen til Russland om tilkomst til Svartehavet.

Russisk diplomati før krigen Då krigen braut ut, hadde Russland klart å sikre seg ein fordelaktig internasjonal situasjon ved å signere nokre avtalar med Persia i 1732–1735 (som var i krig med Tyrkia i 1730–1736) og støtta August III til trona i Polen i 1735 i staden for det franske ønsket Stanislaw I Leszczynski, nominert av det pro-tyrkiske Frankrike. Austerrike hadde vore alliert med Russland sidan 1726.

Krigen 1735–1738 Krigsårsaka var raid frå krimtatarar mot Det kosakkiske hetmanatet (Ukraina) mot slutten av 1735 og felttoget til khanen i Krim i Kaukasus. I 1736 såg den russiske kommandanten for seg ei erobring av Azov og Krimhalvøya.

I 1735, like før krigen kom i gang, gjorde russarane fred med Persia og gav attende alle områda dei erobra under Den russisk-persiske krigen.Treaty of Ganja (1735), Alexander Mikaberidze, Conflict and Conquest in the Islamic World: A Historical Encyclopedia, ed. Alexander Mikaberidze, (ABC-CLIO, 2011), 329.

20. mai 1736 storma den russiske Dnepr-armeen (62 000 mann) kommandert av feltmarskalk Burkhard Christoph von Munnich dei tyrkiske festningane i Perekop og okkuperte Bakhtsjisaraj den 17. juni.A Global Chronology of Conflict: From the Ancient World to the Modern Middle East, Vol. II, ed. Spencer C. Tucker, (ABC-CLIO, 2010), 732. Mangel på forsyningar og utbrotet av ein epidemi tvang Münnich attende til Ukraina. Den 19. juni tok den russiske Don-armeen (28 000 mann) kommandert av general Peter Lacy med støtte av Don-flotiljen kommandert av viseadmiral Peter Bredahl festninga ved Azov.A Global Chronology of Conflict: From the Ancient World to the Modern Middle East, Vol. II, ed. Spencer C. Tucker, 732. I juli 1737 storma armeen til Münnich den tyrkiske festninga Otsjakov. Armeen til Lacy (alt 40 000 mann stor) marsjerte inn i Krim same månaden, og påførte armeen til Krim-khanen fleire tap og erobra Karasubazar. Lacy og soldatane hans måtte forlate Krim på grunn av mange på forsyningar. Krim-felttoget i 1736 enda med at russarane trekte seg attende til Ukraina, etter å ha mista kring 30 000 mann. Berre kring 2000 døydde på slagmarka, resten av svelt og sjukdom.Virginia H. Aksan, Ottoman Wars 1700–1870: An Empire Besieged, (2007), 103.

I juli 1737 gjekk Austerrike inn i krigen mot Det osmanske riket, men vart slått fleire gonger, mellom anna i slaget ved Banja Luka den 4. august 1737,The Crimean Tatars and the Austro-Ottoman Wars, Dan D.Y. Shapira, The Peace of Passarowitz, 1718, ed. Charles W. Ingrao, Nikola Samardžic, Jovan Pesalj, (Purdue University Press, 2011), 136-137. slaget ved Grocka den 18. og 21.–22. juli 1739,The Peace of Passarowitz, 1718: An Introduction, Nikola Samardzic, The Peace of Passarowitz, 1718, 29. og nederlaget i Beograd err ei osmansk omleiring frå 18. juli til september 1739. I august byrja Russland, Austerrike og Det osmanske riket å forhandle i Nemirov, men det vart ikkje noko av diskusjonane. Det var ingen store militære operasjonar i 1738. Den russiske armeen måtte forlate Otsjakov og Kinburn på grunn av eit pestutbrot.

Slutten av krigen I 1739 kryssa den russiske armeen kommandert av feltmarskalk Münnich Dnepr og slo tyrkarane ved Stavutsjany og okkuperte festninga av Khotin (19. august) og Iasi. Austerrike vart slått av tyrkarane ved Grocka og signerte ein separat fredsavtale i Beograd med Det osmanske riket den 21. august.Treaty of Belgrade (1739), Alexander Mikaberidze, Conflict and Conquest in the Islamic World: A Historical Encyclopedia, 210. Dette, i lag med trugselen om ein svensk invasjon, tvang Russland til å signere fredsavtale i Niš med Tyrkia den 29. september og dette enda krigen.Treaty of Nis (1739), Alexander Mikaberidze, Conflict and Conquest in the Islamic World: A Historical Encyclopedia, 647.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Austro-Russian–Turkish War (1735–39)» frå , den 6. juli 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Konfliktar i 1735 Kategori:Konfliktar i 1736 Kategori:Konfliktar i 1737 Kategori:Konfliktar i 1738 Kategori:Konfliktar i 1739 Kategori:Russisk-osmanske krigar Kategori:Austerrikske krigar Kategori:Krigar med Krim-khanatet Kategori:1730-åra i Europa Kategori:1700-talet i Det osmanske riket Kategori:1730-åra i Austerrike Kategori:1730-åra i Russland