Aiguille des Glaciers er eit 3 816 meter over havet høgt fjell i Mont Blanc-massivet i dei franske Alpane, det sørlegaste i massivet. Grensa mellom dei franske departementa Savoie og Haute-Savoie og den italienske provinsen Aostadalen går over fjelltoppen. Isbreane som fjellet har fått namn etter, ligg i den italienske fjellsida.

Fjelltoppen vart nådd fyrste gongen i 1878. Frå fjellhytta Rifugio Elisabetta på 2 195 meter over havet er det ein sju timars tur til topps på Aiguille des Glaciers.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aiguille des Glaciers» frå , den 7. juli 2013.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Frankrike Kategori:Fjell i Italia