Mazandaran (persisk استان مازندران Ostān-e Māzandarān) er ein av 31 provinsar i Iran, langs sørkysten av Kaspihavet og like ved Alborzfjella sentralt i det nordlege Iran.Keddie, N. R.; 1968; The Iranian villages before and after land reform. Journal of Contemporary History, 3(3), 69–78. Med klokka grensar han til Golestan, Semnan, Teheran, Alborz, Qazvin og Gilan. Sari er den største byen og hovudbyen i provinsen.
Mazandaran er ein av dei tettast folkesette provinsane i IranStatistisk senter, styresmaktene i Iran. Sjå "General Characteristics of Ostans according to their administrative divisions at the end of 1383 (2005 CE)", "Population estimation by urban and rural areas, 2005" og har forskjellige naturressursar, særleg store olje- og naturgassreservoar. Dei fire største fylka i provinsen er Sari, Babol, Amol og Qaemshahr.Census Results, 2006: Sari: 490.830, Babel: 464.535, Amel: 343.747, Shahi: 293.721. Iranian 2006 Census Website, Information File (på persisk) Provinsen vart grunnlagd i 1937 og han vart erklært den andre moderne provinsen etter naboprovinsen Gilan.
Naturen er variert med sletter, præriar, skogar og regnskogarSpringer Netherlands; 10. juli 2005; Contributions to the knowledge of the useful plants and plant raw materials of Iran ; ISSN 0921-9668 som strekkjer seg frå sandstrendene ved Kaspihavet til dei kuperte og snødekte Elburz,Mazandaran, Geography & History inkludert Damavand, eit av dei høgaste fjella og vulkanane i Asia.Elburz i Encyclopædia Britannica
Mazandaran er ein stor produsent av oppdrettsfisk,Freshwater Fishes of Iran; Revised: 12 July 2007 og akvakultur er eit viktig økonomisk bidrag til det tradisjonelle jordbruket.Encyclopædia Britannica, Entry for Mazandaran Ei anna viktig næring er turistindustrien og folk frå heile Iran kjem og vitjar dette området. (persisk) Mazandaran er òg eit blømande senter for bioteknologi og ingeniørvitskap.
Det har budd menneske i området i minst 75 000 år.Mazandaran setting up Iran's first cave museum ; London; 22. juli 2006 av IranMania Nyare utgravingar i Goher Tippe synte at området har vore urbanisert i meir enn 5000 år og området vert i dag rekna som ein av dei viktigaste historiske stadane i Iran.Parthia News, November 6, 2005. Han har spelt ei viktig rolle i kulturell og urban utvikling i regionen.Payvand, 400 Historical Sites Discovered within 7 Days in Mazandaran
Innfødde folk i regionen omfattar dei etniske mazanderanaraneCHN Page for Mazandaran som snakkar eit iransk språk som liknar med på gilaki og sangiseri.
Klima mini|Topografisk kart over Mazandaran. mini|Kysten av Kaspihavet frå feriestaden Namak Abrood.
Det er ofte snøfall i Elburz-området, som går parallelt til sørkysten av Kaspihavet. Fjella deler provinsen i mange isolerte dalar. Provinsen har eit moderat, subtropisk klima med ein middeltemperatur på 25 °C om sommaren og kring 8 °C om vinteren. Det kan falle mykje snø i fjella om vinteren, men sjeldan ved havnivå.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mazandaran Province» frå , den 6. juli 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Provinsar i Iran Kategori:Alborzfjella