Astafjord er ein kyrkjestad i Skånland kommune i Troms. Staden er no del av tettstaden Grov. Frå 1926 til 1964 var Astafjord ein eigen kommune.
Astafjord kommune 1926 - 1964 Astafjord var frå 1837 ein del av Ibestad formannskapsdistrikt. I 1926 vart Astafjord, Andørja og Gratangen utskilde frå Ibestad som eigne kommunar. Astafjord hadde då 1 018 innbyggjarar.
1. januar 1964 vart Astafjord, som då hadde eit folketal på 1 120, slegen saman med Skånland kommune.
Folketalsutvikling Astafjord kommune var den nest minste kommunen i Troms etter folketal frå han vart oppretta og fram til 1962. Då vart han passert i folketal av Øverbygd kommune, og var dermed den minste kommunen i fylket dei siste to åra han eksisterte.
Folketalsutvikling for tidlegare Astafjord kommune frå 1930 til 1964: 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Astafjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1964Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999) 1018 1163 1164 1182 1120
Kategori:Skånland kommune Kategori:Tidlegare kommunar i Troms Kategori:Norske kommunar skipa i 1926 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964