mini|Humus har ein karakteristisk mørk farge og finst i den øvste delen av ein jordprofil. Humus (latin for «jord») er organisk materiale som gjev jorda den mørke fargen sin, danna av restar frå nedbryting av planter og dyr. Humus inneheld kompliserte organiske molekyl og samband (kolloid eller partiklar) som blir danna når organisk materiale blir brote ned i jorda. Humuspartiklane er svært stabile molekyl som sjeldan blir brotne ned vidare om miljøet der dei finst ikkje blir endra. Humuspartiklar kan ha ei halveringstid på fleire tusen år.
Råhumus er materiale av humus der temperaturen er for låg og næringstilstanden er for dårleg til at det finn stad omfattande omdanning til jord. Råhumus dannar ei matte på bakken med daudt plantemateriale.
Humus speler ei sentral rolle i oppbygginga av jordstruktur og har stor tyding for å gjera jorda eigna for plantevekst. Elektriske ladningar på humuskolloidet bind leirekolloida saman og er viktig for å danna ein stabil grynstruktur i jorda. Humus kan også binda negativt ladede ion (plantenæringsstoff som nitrat) i jorda som elles ville vore utsett for utvasking. Humus kan absorbera vatn tilsvarande 80–90 % av si eiga vekt og betyr mykje for å hindra uttørking på tørkesvak jord.
Humus finst i større eller mindre grad i dei fleste vasskjeldene, og vil gje vatnet ein fargetone, frå svakt gulaktig til heilt brun. Humus i vatnet vil vera lett å sjå på ein kvit bakgrunn, som i ei plastbøtte eller i eit badekar. Humus sett ein svak smak av jord på vatnet, men er i utgangspunktet heilt ufarleg å drikka. Om vatnet blir desinfisert med klor, kan det dannast kloroform og andre antatt kreftfremkallande organiske samband. Humus reduserer strålingsintensiteten ved desinfeksjon med ultrafiolett stråling.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Humus» frå , den 17. oktober 2026.
Kategori:Biologi Kategori:Pedologi Kategori:Jord