Lilly og Lana Wachowski er to polsk-amerikanske sysken og filmskaparar frå Chicago. Dei er mest kjende som hjernane bak filmen V for Vendetta og Matrix-trilogien. I tillegg til filmkarrieren har dei to også laga teikneseriar.
Begge Wachowski-syskena er transkvinner. Lana Wachowski vart fødd som Laurence «Larry» Wachowski 21. juni 1965, og har gjennomført ein kjønsskifteoperasjon i vaksen alder. Ho snakka offentleg om kjønnsendringa i juli 2012, i ein video om den kreative prosessen bak Cloud Atlas. Ho blei dermed den første kjende Hollywood-regissøren som stod fram som transkjønna. Lilly Wachowski var fødd som Andrew Paul «Andy» Wachowski er fødd 29. desember 1967, to år etter Lana. Ho stod fram som transkvinne i mars 2016 med ei uttaling ti lWindy City Times etter at ein reporter frå Daily Mail hadde oppsøkt henne for å prøva å få eit intervju om saka. Før overgangane var syskena mest kjend som «Wachowski-brørne».
Filmografi
1995: Leiemordere 1996: Bound 1999: The Matrix 2003: The Second Renaissance Part I (kortfilm) 2003: Final Flight of the Osiris (kortfilm) 2003: The Animatrix 2003: The Matrix: Reloaded 2003: The Second Renaissance Part II (kortfilm) 2003: Kid's Story (kortfilm) 2003: The Matrix Revolutions 2005: V for Vendetta 2008: Speed Racer 2012: Cloud Atlas '2015: Jupiter Ascending 2015-2018: Sense8 (TV-serie)
Kjelder
Profil for Lana på imdb.com Profil for Lilly på imdb.com Imdb-biografi, Andy Imdb-biografi, Lana
Kategori:USA-amerikanske regissørar Kategori:USA-amerikanske manusforfattarar Kategori:Folk frå Chicago Kategori:Teikneserieskaparar frå USA Kategori:Syskenpar