Rebekka Ljosland () er ein norsk politikar for KrF. 22. oktober 2015 blei ho byråd for helse og omsorg i Bergen kommune. Ho var då den yngste byråden i Noreg nokon sinne. Ljosland sat i bystyret i Bergen i perioden 2011-2015. På nominasjonsmøtet til Bergen KrF blei ho vald som 3. kandidat ved valet i 2015 og vald inn som bystyrerepresentant. Rebekka Ljosland er gift med fylkespolitikar Tor André Ljosland (KrF). Ho er tidlegare leiar av Bergen KrFU og nestleiar i Hordaland KrFU. Frå før er ho utdanna sjukepleiar frå Haraldsplass Diakonale Høgskole (2009-2012), og har tatt til på ein klinisk mastergrad i kardiologisk sjukepleie ved Høgskolen i Bergen (2015-). Ljosland er tilsett som sjukepleiar ved Haraldsplass Diakonale Sykehus, men har permisjon frå stillinga.
Kjelder
Politikarregister ved Bergen bystyre
Kategori:KrF-politikarar i Hordaland Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Byrådar i Bergen