Asbjørn Nilssen () var ein norsk kombinertløpar og lege.
Asbjørn Nilssen representerte Osloklubben SK Odd. I 1895 kom han på andreplass i B-klassa under Holmenkollrenna, og kom også på sjuande plass på eit skirenn i Saltsjöbaden i Sverige. I 1897 kom han på andreplass i A-klassa under Holmenkollrenna og vart tildelt Holmenkollmedaljen for prestasjonen. I 1906 vann han veteranklassa i det same skirennet. Ei stund heldt han verdsrekorden i skihopp, tangert med Morten Hansen. Rekorden var på 32,5 meter og vart sett i Solbergbakken i 1899.Skisprungschanzen.com - Liste over verdsrekordar i hopp.
Utanfor sporten var Nilssen utdanna cand. med. frå Universitetet i Oslo og arbeidde heile livet som lege. Han vart gravlagt på Vestre gravlund i Oslo.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Asbjørn Nilssen» frå , den 14. april 2013.
oppgav desse kjeldene: Vaage, Jakob (1956). "Osloklubber som ikke lenger er aktive". I Ranheim, Erling: Norske skiløpere. Østlandet Sør. Oslo: Skiforlaget. s. 364–382. Dr. Asbjørn Nilssen død. Aftenposten, 21. oktober 1958. s. 5. Cemeteries in Norway. DIS-Norge. Henta 23. desember 2012.
Fotnotar
Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Norske legar Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen