Speglingssymmetri vert nytta innan fysikk der ein kan finne ein spegelvendt fysisk prosess med like stor sannsyn som den opphavlege fysiske prosessen. Spegling av eit fysisk system går ut på å skifte forteikn på alle dei romlege koordinatane eller posisjonane og på farten til alle partiklane i systemet eller farten til sjølve systemet.
Sterke og elektromagnetiske vekselverknader og dessutan gravitasjon er symmetriske ved spegling, medan svake vekselverknader bryt speplingssymmetrien. Ofte, og spesielt i kvantefysikken, nyttar ein ordet paritetssymmetri i staden for speglingssymmetri.
Sjå òg paritet i fysikk
Kjelder
Kategori:Kvantemekanikk Kategori:Kvantefeltteori Kategori:Partikkelfysikk Kategori:Kjernefysikk