Quinoa er det 46. albumet og det 22. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i 1992.
Bakgrunn Quinoa vart gjeve ut i eit avgrensa opplag på berre 1000 eksemplar. Det vart sendt ut som ei spesiell gåve til medlemmar av den tidlegare offisielle fanklubben til Tangerine Dream, og dei attverande kopiane vart selde under den tyske turneen deira i 1997. Albumet inneheldt berre eitt spor, men det varte til gjengjeld i 28 minuttar.
Albumet vart gjeve ut på ny i 1998 på TDI. Det var då ikkje lenger avgrensa og inneheld to bonusspor. Eit av desse, «Voxel Ux», vart opphavleg skrive for ein konkurranse på den offisielle heimesida til bandet i 1996. Vinnaren fekk ein CDR med songen på, og det var berre denne eine kopien som fanst. «Lhasa» vart skildra som den første satsen i «Tibetan Cycle» i lag med seks andre stykke. Dette kom først ut i 2000 på albumet The Seven Letters from Tibet. «Lhasa» var då forlenga og heitte «The Blue Pearl».
I mars 2009 vart Quinoa gjeve ut på ny på Membran Music Ltd med nytt plateomslag.
Innhald
Medverkande Edgar Froese Jerome Froese
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Quinoa (album)» frå , den 10. april 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1992 Kategori:Tangerine Dream-album