Madcap's Flaming Duty er det 101. albumet totalt og det 38. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, gjeve ut 2. april 2007. I lag med Cyclone er det eit av få Tangerine Dream-album med vokal. Albumet er ei hyllest til Syd Barrett frå Pink Floyd som døydde i 2006. Tittelen referer til eit av soloalbuma til Barrett, The Madcap Laughs.

Songane på albumet vert sungen av Chris Hausl, som ikkje var medlem av bandet. Nesten alle tekstane på albumet er dikt frå 1500- til 1800-talet.

Albumet kom i lag med ein DVD som viser bandet framføre dei 13 spora på albumet.

I mars 2009 vart både CD-en og DVD-en gjeve ut på nytt med forskjellig plateomslag.

Innhald

Medverkande Edgar Froese: klaverinstrument, gitarar, trommeprogrammering, munnspel Thorsten Quaeschning: klaverinstrument, trommeprogrammering Bernhard Biebl: gitarar, fiolin og mandolin Chris Hausl: vokal Linda Spa: blåseinstrument Iris Camaa: trommer og perkusjon Gynt Beator: bouzouki, bodhrán Thomas Beator: bouzouki, bodhrán

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 2007 Kategori:Tangerine Dream-album