Nikolaj Nikolajevitsj Gusakov () var ein sovjetisk kombinertrennar frå Petrozavodsk som vann bronsemedaljen i kombinert under vinterolympiaden i Squaw Valley. Han var den fyrste sovjetiske utøvaren som vann ein olympisk medalje i kombinert, og den fyrste sovjet-russaren som vann kombinertøvinga Holmenkollrenna.

Aktiv Gusakov vart nummer sju i sin meisterskapsdebut under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Året etter vart han nummer fire i Lahti-spelen, medan han same staden kom på åttandeplass då ski-VM gjekk av stabelen vinteren 1958.

Under olympiaden i Squaw Valley i 1960 fekk Gusakov bronsemedaljen, tyske Georg Thoma vart olympisk meister og norske Tormod Knutsen tok sølvet. Året etter vann Gusakov kombinertrennet i Holmenkollen, fire poeng framom Ole Henrik Fagerås på andreplass, med Tormod Knutsen hakk i hæl. I 1964 vart Gusakov nummer fire i kombinert under vinterleikane i Innsbruck.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sovjetiske kombinertløparar Kategori:Russiske kombinertløparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1956 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1964