Peder Nicolai Sjursen () var ein norsk lege, gardbrukar og stortingsmann frå Eigersund. Han representerte Venstre på Stortinget.
Far til Sjursen var handelsreisande. Sjølv gjekk han skulevegen, vart student frå Qvams skule i 1875, og avla eksamen som reserveoffiser i 1879. I 1885 vart han cand. med. og tok til som kommunelege i Våler i Hedmark. I 1909 vart han distriktslege for Sør-Østerdal.
Sjursen kjøpte og busette seg i 1898 på garden Lønnerud i Våler. Han var medlem av heradsstyret i Våler frå 1895 og vart ordførar i heradet i 1905. Elles hadde han ei mengd verv som politikar og som yrkesmann.
På Stortinget representerte Sjursen Hedmark i perioden 1900-03 og einmannskrinsen Solør i 1906-09. I den fyrste bolken var han medlem av militærkomiteen, i den andre av Lagtinget og jarnbanekomiteen. Han var i 1906 utsending frå Hedmark amt ved kongekroninga i Trondheim.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Folk frå Eigersund