Johan Kirksæter () var ein norsk urmakar, emissær og stortingsmann frå Hemne i Sør-Trøndelag.
Kirksæter var son til ein gardbrukar og urmakar. Han tok eksamen ved underoffiserskulen i Trondheim i 1877 og var underoffiser i fleire år. Perioden 1884-1900 var han urmakar i Trondheim. I 1904 vart han emissær for godtemplarordenen. Deretter var han såkalla storsekretær og forretningsførar for same frå 1909, etter to år gjekk han tilbake til arbeidet som emissær for ordenen.
Kirksæter var 4. representant til Stortinget frå Trondheim og Levanger 1900-03, medlem av næringskomite nr 2. Han representerte Venstre. Valbolken 1906-09 møtte han i 1908 tida 11. januar-20. mars og frå 8. august for Magnus Halvorsen, medlem av næringskomite nr 1. Kirksæter var elles medlem av formannskapet i Trondheim by 1898-1902 og 1904-??
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Folk frå Hemne Kategori:Folk frå Trondheim