mini|Bjørke kyrkje er teikna av Mathias Brække Mathias Nicolai Brække () var ein norsk arkitekt som heldt til i Ålesund. Etter mellomskuleeksamen i Ålesund i 1895 hadde han ymse arbeid. Frå 1899 var han to år hospitant ved Trondhjems tekniske læreanstalt. I 1903 starta han eigen praksis som arkitekt i Ålesund. Ålesund brann 23. januar 1904. Under gjenreisinga var det trong for arkitektar. Det kom fleire utanfrå som arbeidde i byen ei tid. Brække heldt fram med praksisen sin etter at byen var oppattbygd og dei fleste andre arkitektane drog sin veg. I 1908 var han einaste arkitekten med fast praksis i byen. Mathias Brække har teikn minst 27 hus i byen. Fleire av dei er særmerkte jugendhus.

Då han var sjuk av tuberkulose, flytte han attende til Ørsta i 1916.

Mathias Brække laga og arbeidsteikningane til Bjørke kapell. Det var ikkje ferdig før året etter han døydde.

Kjelder Gunnar Ellingsen: Ålesund-arkitekten Mathias Brække frå Ørsta i Jul på Sunnmøre 2012

Kategori:Norske arkitektar Kategori:Folk frå Ørsta