Wictor Esbensen () var ein norsk sjømann som var kjend for utforskinga i Antarktis i lag med svigerfaren Carl Anton Larsen, som leitte etter stader å drive kvalfangst. Han mista livet då skipet hans sokk under andre verdskrigen.

Tidleg liv Esbensen var fødd i Vadsø. Då begge foreldra døydde i 1897 vart han adoptert av Larsen-familen og flytta til Sandefjord. I 1907 i Ullern gifta han seg med Elvina Larsen frå Sandefjord, som var dotter til skipseigar og kvalfangar Carl Anton Larsen. Paret slo seg ned i Bærum, og fekk seks born.

Karriere Esbensen vart utdanna som førstestyrmann og skipskaptein. Han var med på grunnlegginga av Grytviken på Sør-Georgia i lag med Carl Anton Larsen. Esbensen leia Compañía Argentina de Pesca, som organiserte bygginga av Grytviken, den første landbaserte kvalstasjonen i Antarktis, og denne kom i drift i 24. desember 1904. Esbensen Bay er kalla opp etter han.

Då andre verdskrigen braut ut vart Esbensen kaptein på skipet SS «Bjørnvik». Skipet kom seg unna den tyske invasjonen av Noreg den 9. april 1940 då det 3. april låg til kai i Methil i Skottland og gjorde teneste i og kring Storbritannia. Morgonen den 27. januar 1942 var skipet i rute frå Newport til Fowey med drivstoff i ein del av ein konvoi. På grunn av uvêr mista skipet kontakt med konvoien same kvelden og på ettermiddagen dagen etter vart det angripe og søkkt av eit tysk fly utanfor Falmouth.Skipet vart treft av fem bomber og sokk på eit halvt minutt. Det meste av mannskapet forsvann, inkludert Esbensen. Berre førstestyrmannen, ein fyrbøtar og ein skyttar overlevde.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wictor Esbensen» frå , den 29. november 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Norske oppdagarar Kategori:Norske antarktisfararar Kategori:Norske kvalfangarar Kategori:Historia til Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane Kategori:Sør-Orknøyane Kategori:Nordmenn falne i andre verdskrigen