Cumberland West Bay er ei bukt som utgjer den vestlege armen av Cumberland Bay i Sør-Georgia. Ho ligg sør for Larsen Point, der ho er 4 km brei og strekkjer seg 11 km mot sørvest. Ho vart kartlagd av Den svenske antarktisekspedisjonen, 1901–04, som namngav ho «West Bay». Ho vart kartlagd på ny i 1926–29 av eit lag frå Discovery Investigations og kalla «West Cumberland Bay». Det forkorta namnet West Bay vart nytta samstundes. Etter South Georgia Survey, 1951–52, foreslo UK Antarctic Place-Names Committee å endre namnet til Cumberland West Bay og alle andre namn vart avvist.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cumberland West Bay» frå , den 28. november 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Bukter på Sør-Georgia