Sjur Bygd () var ein norsk forfattar, gardbrukar, ordførar og banksjef busett i Myrkdalen på Voss. Han debuterte i 1915 med novellesamlinga «Fjell-folk».
Litterær produksjon Sjur Bygd debuterte med Fjellfolk i 1915, ei samling forteljingar frå ei avstengd vestlandsbygd. I romanen Holmgang (1917) skildra Bygd dei psykologiske føresetnadane for ein bygdestrid. Det same gjer den store romanen Valplassen (1921). Eit av Bygd sine fremste verk, Luftspeglingar (1925) er ei samling noveller med same miljø. Andre betydelege romanar er I hamskifte (1949) og Mot blå berg (1957). Bygd var ein skarp psykolog, og kjende dei løynde tildriva i menneska, krokvegane deira, hyklarskapen, naturangsten og religiøsiteten. Med sin knappe stil og friske synsbilete skreiv han levande situasjonar om norsk folk og kultur.
Bøker 1915 - Fjell-folk 1917 - Holmgang 1921 - Valplassen 1925 - Luftspeglingar. Nokre bilæte 1949 - I hamskifte 1954 - Draumen 1957 - Mot blå berg 1970 - Mannen og natta
Sjur Bygd vann Melsom-prisen i 1955, og i 1976 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull for innsatsen sin som bankmann, politikar og diktar.
Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Sjur Bygd hjå Nasjonalbiblioteket Mads Liland: «Sjur Bygd» i Norsk Biografisk Leksikon, 2. utg (2000) «Sjur Bygd» av Eirik Helleve på Allkunne Sjur Bygd. Om bøkene hans og bruken av vossamålet av Andreas Bjørkum (2012)
«Bygd, Sjur» av Johannes Andreasson Dale i Norsk allkunnebok (1949) «Sjur Bygd – ein sermerkt forfattarprofil» (del 1) av Nils Hellesnes i Syn og Segn (1941), (del 2) Det skjulte Norge, s 71–83, av Jørgen Bukdahl (1926)
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå Hordaland Kategori:Folk frå Voss Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen