Støren er kommunesenteret i Midtre Gauldal kommune og har eigen barne- og ungdomsskule og vidaregåande skule. Dovrebanen og Rørosbanen møtest her, og lakseelva Gaula renn gjennom tettstaden. Europaveg 6 og Fylkesveg 30 møtest også her.
Støren var fram til 1964 eigen kommune, men vart då ein del av Midtre Gauldal kommune etter å ha blitt slegen saman med Budal, Singsås og Soknedal kommunar. Gamle Støren kommune gjekk frå Hage bru i nord til Singsås i sør-aust, Budal i sør og Soknedal i sør-vest.
mini|venstre|Støren kyrkje frå 1817.
Bakgrunnsstoff Eldre fototgrafi frå Støren på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Støren museum og historielag
Kategori:Tettstader i Trøndelag Kategori:Tidlegare kommunar i Sør-Trøndelag Kategori:Historie i Midtre Gauldal Kategori:Geografi i Midtre Gauldal Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964 Kategori:Kommunesenter i Trøndelag