Seconds Out er eit dobbelt konsertalbum av Genesis, som kom ut i oktober 1977. Det nådde fjerdeplassen på den britiske albumlista og låg inne på lista i 17 veker.Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 17. oktober 2012. Konsertane vart innspelte i Paris i 1976 og 1977 for turneen deira etter A Trick of the Tail og Wind & Wuthering. Mot slutten av fleire songar kan ein høyre publikum rope om at bandet skal spele ein song til med å rope «Une autre!» som tyder «ein til».

Historie Seconds Out er det andre konsertalbumet til bandet etter Genesis Live i 1973. Medan det førre konsertalbumet vart gjeve ut for fylle tida medan dei spelte inn Selling England by the Pound, var Seconds Out planlagt som ei stor utgjeving. Med på turneen i 1977 hadde dei med seg tidlegare trommeslagar i Weather Report, Chester Thompson, som kom til å sitje bak trommene på mange Genesis-turnear i åra som følgde. Tidlegare trommeslagar i Yes og King Crimson, Bill Bruford, spelte trommer for bandet i 1976. Phil Collins spelte ikkje trommer sjølv, då han hadde teke over som vokalist i bandet. Bruford er berre med på songen «The Cinema Show» på albumet. Gitarist Steve Hackett slutta i bandet under miksinga av Seconds Out. Albumet vart ein suksess både hos publikum og kritikarane og nådde fjerdeplassen i Storbritannia og 47. plass i USA.

Fram til Genesis Archive 1967-75 (1998), var Seconds Out det einaste offisielle konsertopptaket av Genesis-songen «Supper's Ready».

Innhald

Medverkande Tony Banks – RMI Electra Piano, Hammmond T. orgel, Mellotron 400, ARP Pro Soloist synthesizer, Epiphone 12-strengsgitar, korvokal Mike Rutherford – Gitar, bassgitar, basspedal, korvokal Steve Hackett – Sologitar Phil Collins – solovokal, perkusjon, trommer på «Robbery, Assault and Battery» (under klaversolo), «Firth of Fifth», «The Musical Box», «Supper's Ready» (under «Apocalypse in 9/8» ), «Cinema Show» (under klaversolo) & «Los Endos»

Andre musikarar Chester Thompson – trommer & perkusjon på alt utanom «Cinema Show» Bill Bruford – trommer & perkusjon på «Cinema Show»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Seconds Out» frå , den 17. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Genesis-album Kategori:Konsertalbum frå 1977 Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Charisma Records-album Kategori:Album produserte av David Hentschel Kategori:Album produserte av Phil Collins Kategori:Album produserte av Tony Banks Kategori:Album produserte av Mike Rutherford